Logo_Feel-safe_farger-kvit-tekst.png

Unikt skap til brannslokkingsapparatet

 

Meir enn berre eit skap.

 

«Feel Safe» er eit skap som er utvikla med tanke på sikkerheit. I følgje DSB, døyr det i snitt 64 personar i Noreg kvart år som følgje av brann. 80% av desse omkjem i bustadbrann.

Spør ein den vanlege mann på gata om han eller ho kan seie kvar brannslokkingsapparatet er lokalisert i heimen, melder altfor mange pass.

 

Feel safe.

Det er skremmande at mange ikkje finn brannapparet i eige hus, og vi i Feel Free Production vil gjere noko for å forbetre kunnskap og sikkerheit i heimen.

«Feel Safe» er eit skap som er stort nok til å romme eit brannslokkingsapparat samt ei lommelykt og eit fyrstehjelpsskrin, eller liknande. Skapet i seg sjølv har eit tidlaust design som passar inn i dei fleste heimar.

Medvit.

Målet er at alle i familien skal vite nøyaktig kvar brannapparatet er plassert. Ved å investere i eit skap som er utvikla til dette formålet, samt kan brukast til andre ting, håpar vi å framme fokus om brannfare og skape medvit om brannsikkerheit.

Skapet

5_red.png
 
Kvitolja

Lys eik

 
1_RED.png
 
Svartbeisa

Svart eik

 

Skapet er laga av 19 mm melamin. Du kan velje mellom lys eller svart eikestruktur. Skapdøra er vendbar alt etter ynskje om høgre- eller venstrehengsla.

skapet_3.png
15.jpg
13.jpg

FEEL SAFE er produsert slik at eit 6 L brannslokkingsapparat passar inn i det største rommet. Eit 6 liters apparatet er det som er påbode i private bustader.

Hylla på toppen er justerbar i høgda slik at det kan tilpassast ulike typar apparat. I utgangspunktet kan denne hylla brukast etter behov og ynskje, men vi foreslår lagring av fyrstehjelpspakke og ei lommelykt.

Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon eller vil bestille eit skap til din heim.